Nyheter
Dugnad i naustet 26. mai
Forfatter: Adeline Landro
14. mai 2026
Forsiden
Velkomen til dugnad i naustet vårt!
Vi inviterar til dugnad i naustet tysdag 26. mai kl 17 - 21.
Folk kjem når dei kan, og går når dei må. Dei som vil gjennomføre tysdagspadlinga si gjer det. Vi vonar likevel at nokre syns det er meininsfullt og hyggeleg å være med på dugnad i naustet.
Vi ordnar med mat til dugnadsgjengen, men då treng vi eit hint om kor mange som kjem. Mykje bra er gjort i naustet allereie, men det er framleis oppgåver som treng utførast. Sett av datoen! Vi kjem tilbake med info om kva vi vonar kan verte gjort.
Vel møtt til ein triveleg kveld i naustet!
Trykk Skal på arrangementet i Facebook-gruppa om du kjem :)